Rene Magritte vekker frykt og engasjement | Norsk

Utdrag
Måleriet Not to be reproduced er måla av Rene Magritte i 1937. Motivet i måleriet er ein mann sett bakfrå framfor et spegel. Refleksjonen av mannen i spegelen stemmer ikkje med verkelegheita, men viser heller ein gjentaking av mannen sett bakfrå. Bildet er måla med varme brunfargar, med unnatak av litt svart.

Ønskjer Magritte å vise publikum eit innblikk si fantasiverd, eller ligger ein djupare bodskap bak måleriet?

Mannen på biletet er sentral i tolkinga, det ser ein blant anna fordi han er plassert i det gylne snitt. Han er reflektert i spegelen framfor seg, men tilsynelatande med den motsette vinkelen av kva som er riktig. Varme brunfargar dannar ein føling av tristhet, og dei svarte kleda mot den bleike huda forbinder ein med død og kulde.

Tittelen på bildet saman med motivet får ein til å frykte den dagen ein seg står framfor spegelen og ser ein som kunne vore kven som helst.

Engasjementet blussar opp i ein som ser på bildet. Skal eg bli slik samfunnet ønskjer, slik dukkane på fabrikken blir masseprodusert, skal eg vere ein reproduksjon av ein modell staten ønskjer eg skal vera?

Magritte får publikum til å tenkje over kor lett det er å miste spegelbildet sitt, kor lett ein kan miste dei personlegdomstrekka som gjer deg til deg og ikkje ein annan. For måleriet blir likskapen framheva og ikkje dei særeigne trekka ved mannen.

Rene Magritte har måla eit bilde til tolking og forvirring. Hensikta er nok både å vekkje engasjement hos publikum, men også nysgjerrigheit og følingar. Derfor har måleriet både ein appellativ og ein ekspressiv funksjon. Ein kan samanlikna biletet med poesi der målaren vekker forskjellige følingar hos alle som leser det. Måleriet er også ein protest mot samfunnet som ikkje dyrkar individualitet og annleishet.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter