Innholdsfortegnelse
Dramasjangeren
Kjelder:
«Et Dukkehjem» Vs. I Dag
Kjelder:
Når Livet Endrar Seg
Kjelder:
Utdrag
Korleis vi er saman og korleis vi kommuniserer endrar seg etter livsforhalda våre. Eit livsforhald kan vera korleis vi lev i eit samfunn, korleis vi lev som person og kva måten vi lev på.
Vi menneske tilpassar oss, endrar livsforhalda våre seg, endrar vi også korleis vi er saman og korleis vi kommuniserer med kvarandre.
Miljøet rundt oss formar oss, og vi blir påverka av menneske rundt oss, og måten dei kommuniserer med oss på. Når det skjer ei stor ending i livet vårt, endrar også vi oss.
Ei stor endring i livet kan vere å miste ein som står ein nær, flytte til ein ny plass eller få ein livsvarande sjukdom. Det er variert frå menneske til menneske kva som kan endre livsforhalda våre.
Dei siste to månadene har store delar av verden vore ramma av ein koronaepidemi. I Noreg og fleire andre land har vi måtte stenge sosiale anlegg, idrettsanlegg, skular, barnehagar, arbeidsplassar, butikkar og fabrikkar.
Vi har også måtte innføre strenge reglar for kor vi kan vera, kor mange vi kan vere ilag med og kven vi kan møte.
Når det blir innført så strenge krav som det har vore under denne epidemien har det endra livsforhalda våre.
Vi har måtte finne måtar og kommunisere på utan å vere i kontakt. Internett har våre viktig for mange dei siste månadene.
Skulane har brukt nettundervisning og videosamtalar for å kommunisere med elevane, der har dei hatt moglegheit til å både sjå elevane og til prate med dei både i form av samtalar og undervisning.
Når vi hadde videosamtalar i 10b ved Vågå Ungdomsskule, såg vi att det var uvant å prate gjennom ein pc i starten, og det var færre som svara læraren i videochat enn det plar vera i klasserommet.
Vi blei etter kvart meir vante ved videochattane og fleire svara etter kvart. Nå som vi har starta på skulen att, ser vi også at nå er det uvant å snakke med kvarandre og ikkje via ein pc.
Korleis vi pratar og kommuniserer til kvarandre kjem ann på kva vi er vante med og kor komfortable vi er ved dei vi kommuniserer med.
Det er ikkje berre skulane vi har endra måtar og kommunisere på under koronaepidemien.
Fleire tusen arrangement og konsertar har vorte avlyst og artistar får ikkje lov å framføre forran publikum, det har vi også funne alternative måtar å løyse.
Legg igjen en kommentar