Oppgavebeskrivelse
Oppgåve B1 – skriv ein tekst om val som kan få konsekvensar – for deg sjølv, for fleire menneske eller for framtida.
Innledning
Det er 2020 og du vel å gå ut for å henga med venner. Du tenker at det er greitt fordi det berre er dei eldre som har større konsekvens for å døy.
Du tenker «dette gjeldar ikkje meg, så da går det heilt fint». Men kva om alle tenkte slik? Kva om alle tok sånne dumme val om å gå ut, berre fordi det ikkje kan gjera noko mot deg. Det hadde vore kaos!
Utdrag
I desember 2019 vart det funne eit virus i Kina. Dei første sjukdomstilfella vart funne blant folk som heldt seg i markede der det vart selt levande dyr i byen Wuhan.
Viruset vart kalla Covid-19. Det byrjar først i luftvegane og seinare utviklar seg til ei forkjøling. Vidare med lungesvikt og død til følgje.
Folk med sjukdom frå før av eller svak immunforsvar kan ha det veldig vanskeleg til desse tidene. Risikoen for alvorleg sjukdom aukar veldig for folk som er 50 til 60 år gamle.
Dette viruset spreier seg raskt. Fleire tusen menneske døyr kvar dag. Det hadde ikkje trunge å vera sånn viss alle klarte å ta det riktige valet. Og då lurer du sikkert på.
Kva er det rette valet? Tenk deg om. Er det verkeleg nødvendig for deg å henga med venner i byen? Det er viktig at vi ikkje berre tenker på oss sjølv men også dei rundt oss.
Legg igjen en kommentar