Innledning
Seint på 1800-talet gav litteraturen oss Modernismen, ein ny bevegelse som fokuserte på individets følelsar. Sidan da har mange tekster blitt skriven om korleis ein har det på innsida.

Spesielt har perspektivet om utanforskap kome opp særdeles mykje gjennom literær kunst, og det blir fortsatt skriven om i dag.

For eksempel er dikta «Byen» frå 1890 av Sigbjørn Obstfelder og «Ingen hopper fra balkonger på denne festen» frå 2016 av Ingvild Lothe nokså like, sjølv om det er over 100 år mellom dei. Begge handlar om å føle seg utanfor, men korleis for dei fram dette?

Vi kan byrje med diktet som er eldst: Byen. Det er mykje historisk kontekst som gjer at det er skriven som det er, og korleis forfattaren reagerer på det som skjer i handlinga.

Så kvifor ein by? Du er nok kjent med følelsen om å besøke ein ny by, som du aldri har vore i før. Sidan du er litt meir vant til konseptet med byar, er nok denne følelsen meir positiv for deg enn for menneska seint på 1800-talet.

Utdrag
Obstfelder, S. (1890)
Her har Obstfelder valt å sette fram korleis byane da var veldig skitne og fulle av elendigheit og død.

På denne tida var byane fryktelig overfolka og hadde ingen form for sanitet. Kristiania hadde til og med kallenamnet «Dei elendige si hovudstad» på denne tida.

Gjennom dette gjer Obstfelders angst seg om frå angst over om menneska ennå lever til kva som har skjedd med dei. Han kjenner seg ikkje igjen i dette nye samfunnet.

«Lever mine brødre, menneskene?»

«Er dette mine brødre, menneskene?»

Obstfelder, S. (1890)
Etter som angsten hans gror, legger han merke til meir og meir ting som er gale.

Ingen snakkar eller smiler til kvarandre, folk sloss mens dei er fulle, folk hulkar og gråtar overalt. Til slutt kjem hovudkarakteren fram til at dei må vere sinnssykje. Dette er for uvant for han, og han klarer ikkje beskrive det på nokon anna måte.

«Og omsider går det opp for meg, omsider ser jeg det: De er vanvittige, de pisker av sin egen skygge. Og jeg ser meg om, jeg ser på deres øyne, deres miner, deres ilden og løpen: Ja, de er vanvittige, de er vanvittige.»

Obstfelder, S. (1890)
Det er noko rundt han som han ikkje skjønar. Dei sosiale kodane, korleis man oppfører seg, kva som er vanleg å sjå. Han klarar ikkje ta det innover seg sjølv, og erklærer alle som gale.