Andre verdskrigsdikt; fortsatt aktuelle i dag? | Norsk

Innledning
Som ein reaksjon på andre verdskrig vart det skrive mykje lyrikk om kamp og nasjonalitet. I 1949 kom det modernistiske gjennombrotet i norsk lyrikk og utover 1950-årane vart strida mellom tradisjonalistane og modernistane spissa.

I etterkrigstida var krigen enno eit sårt tema, både i litteratur og i lyrikk. Ord som barn, krig og frykt vart veldig sentrale i lyrikken på denne tida, døme på dette er dikta ”Det gråter et barn” av Hans Børli og ”Når de sover” av Rolf Jacobsen.

Utdrag
”Det gråter et barn” av Hans Børli er skriven i 1952, som er året etter krigstilstanden mellom Noreg og Tyskland oppheva seg. Det er tydeleg at dikta er prega av krigane som skjedde på 40- og 50-talet, og dei tek for seg dei to viktige temaa; krig og barn.

Diktet fortel om barn som sit å græt åleine i mørket, og drøymer om fred og fridom. Dette viser tydeleg at diktet handlar om krig, og posisjonen til barn i krig. Diktet er skriven med eit enkelt språk og det er lett å forstå kva Børli vil få fram i diktet.

Det er tydeleg at dette diktet handlar om barn under krigen som ofte ender opp åleine utan hjelp, dette skjønner vi allereie i første vers; ” Det gråter et barn i den frosne natt. Det gråter mot mørket – forrådt, forlatt.” Under andre verdskrig vart mange barn nøydde til å klara seg på eigenhand, når familie gjekk bort i krigen, noko vi ser i denne verselinja eg referer til.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter