Innledning
«Bruk rabattkoden «Isabell30» for å få 30% rabatt på din neste Botox-påfyll» Korleis kan ein influensar ha makta til å få deg til å fylla Botox i ikkje-eksisterande rynkar?
Kva får det deg til å føla, og korleis påverkar makta deg. Toppbloggarar og andre kjente profilar har stor påverknadskraft på oss unge. Ikkje berre jenter, men også gutar. Normale jenter og gutar føler seg unormale.
Mange av Noregs mest kjente bloggarar som har stor makt tener feitt på å reklamera for fillers, Botox og andre kirurgiske inngrep.
Grensen på kva unge jenter vil operera finst ikkje lengre. Dei leitar etter «feil» på sin eigen utsjånad, og allereie som små barn byrjar dei å planlegga korleis dei skal sjå ut og kva dei skal endra på. Ikkje når dei blir eldre, men når dei blir gamle nok.
Utdrag
«Heile livet mitt handlar om operasjonar» I eit intervju med bladet «Mote» seier Isabell Raad at «Uvissa over meg sjølv starta i tidleg alder, no er eg avhengig av sjønnhetsinngrep og hetsa eg får i eige kommentarfeltet». Isabell Raad har brukt langt over 214.000 kroner på å operera seg sjølv dei siste åra.
Legg igjen en kommentar