Innholdsfortegnelse
Oppgåve 2
- Gir Rikdom Lykke?
Kjelder:

Utdrag
Ordet «rikdom» brukast ofte for å beskrive nokon som har mykje pengar og eigendelar. Dette kan jo vere sant for mottakaren av mediane fordi me har vorte påverka av media og marknadsføring til å tru det.

Når nokon køyrar ein luksusbil, ser me dei som velståande. Når nokon bor i eit eksklusivt nabolag, forventar me at dei tenar meir pengar og er velståande.

Mange oppfattar at lykke har med kor mykje pengar dei har å gjera. Folk forvekslar å vere velståande med å vere lykkeleg, men det blir også sagt at rikdom ikkje nødvendigvis gir lykke.

Kva gjer eigentleg folk som er ekstremt velståande og har meir pengar enn onkel Skrue har i pengebinga? Rike menneske reiser med privatfly til Bora Bora. Rike menneske drikker Dom Pérignon. Rike menneske byggjer den feitaste villaen på mange tusen kvadrat.

Rike menneske har dekorerte IPhonar med diamantar. Rike menneske blir køyrt rundt i Rolls Royce til kvardags og køyrar den gullbelagte Lamboghinien til fest.

Rike menneske har med seg kokkar som lagar glutenfri, økologisk og vegansk super food. Eller tar kokain som det skulle vore kaffi og puler horar til kvelds.

Det betyr ikkje at alle desse tinga gjer deg lykkelegare. Bora Bora vil ikkje alltid vera gøy når du uansett blir solbrent, får diare og blir forkjølt på grunn av aircondition.

Privatflyet vil øydelegga for andre når dei slepp ut klimagassar. Det er ikkje så feitt å sitje åleine og drikke, då har du kanskje eit alkoholproblem?