Innledning
Lufta er tett og varm. Eg kjenner korleis kleda følas klamme på kroppen, og sparka av meg skåna under pulten. Det er stille.

Alt eg kan høyre er alle andre som pustar, pusten som blir drygd inn og ut av nasa. Det er ein heilt vanlig skuletime på Herøy Vidaregåande skule, der eg sitt med blikket ned i boken.

Utdrag
Nokon dreg opp ein pc frå sekken sin. Lyden av glidlåsen som blir drygd opp er kortvarig. Det raslar i sekken, før den blir dumpa ned mot golvet igjen.

Så dukkar lyden av tappande fingre opp i rommet. Rakse fingrar som suser hensynsløstover tastaturet.

Eg strekk armane mine og nytter anledninga til å sjå på klokka. Nokon minuttar igjen. Eg gjespar og ser for ein gongs skyld rundt meg.

Elevane er det ikkje mange av, men vi er likevel fulltadig i dag. Eg løsner grepet genseren held rundt halsen min, og føler heile klassa høyre lyden av at eg svelg.

Nokon snufsar og etter det blir de heilt stille igjen. Korleis kan det skje så lite, i ein time der det eigentleg skjer ein heil masse? Det sitt nesten tjue stykker her inne - alle med ulike tankar, følelsar og liv.

Rommet her burde vore fullt av ord og setningar som suste om ein annen. Rommet burde vært fult av videoklipp frå hendelser. Bildebevegelsar. Likevel skjer det ingenting her. Alt er inni hodene våre som om det ikkje eksisterar.

Vi ser absolutt ingenting av kvarandre tankar uansett kor nær vi er kvarandre. Eg kan sjå for meg ein heil verden uten at nokon av dei andre klarer å sjå kva som er der.