Innledning
I Norge er sosial utjamning og integrasjon er ei av hovudmålsetjingane for skulepolitikken.

Dette målet inkluderer at elevar frå ulik sosiale bakgrunnar går i samme klasse og har samme moglegheita for utdanning.

Grunnskule og vidaregåande skal vere gratis, og uavhengig av kjønn eller sosial, kulturell og etnisk bakgrunn skal ein saman utvikle seg. Men sjølv om dette er målsetninga, fungerer dette i praksis?

Utdrag
På nokre få tiår har kvinner gått frå å hovudsakleg vere heimeverande til å bli lønnsmottakarar.

I den første perioden kvinner gjorde sitt innrykk i det norske arbeidsmarknaden, var kvinner overrepresenterte i låglønte yrker.

I tillegg til at kvinnene gjere jobba svært hardt for lågare lønn, hadde dei samme arbeidsbyrden heime som tidlegare.

Fram til 1992 var det eit fleirtall av menn som tok høgare utdanning etter vidaregåande. I dag er det fleire jenter enn gutar som teke høgare utdanning.

Talet på kvinner som tar høgare utdanning har sidan 1992 auka i forhold til prosentdelen menn som tar høgare utdanning.

Kvinner er fortsatt overrepresenterte i dei typiske kvinneyrka, eksempel på dette er utdanningar innanfor helsefag, sosialfag, lærarutdanning, og humanistiske og estetiske fag.

Innanfor naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske dag er menn overrepresenterte, men prosentdelen kvinner som vel utdanning innanfor desse faga aukar jamt.

Ser vi nærmare på lengda utdanning er menn framleis overrepresenterte i utdanningar som tar meir enn 4 år.

For utdanningar inntil fire år er kvinner overrepresenterte. Noko av grunnen til dette er muligens at det ”alltid” har vore slik at menn tar den lengste utdanninga.

Dette er gamle tradisjonar, og tankemønster som er vanskelege å bryte. Ein annan faktor som spelar inn kan vere at unge kvinner har hovudansvar for små barn og yngre kvinner er meir redde for å ta opp eit dyrt studielån.

Men det blir forventa at om nokre år vil det vere flest kvinner også innanfor dei som tar utdanning lenger enn fire år. Økonomi spelar ei svært viktig rolle når ein skal ta utdanning.

Dei første 13 åra ( eventuelt 12 år + 2 år lærling) med utdanning er gratis i Noreg. Dei første 10 åra går vi på obligatorisk grunnskule, som alle skal gjennomføre.