Slutten på Handhelsing? | Analyse

Innledning
Sjukdom i verda er ikkje noko nytt. Folk over heile verda døyr av det kvar dag, og av andre årsaker. Sjukdom er noko naturleg som folk døyr av, og som folk døyr med.

Å vere sjuk er ikkje nødvendigvis farleg, det er så mykje ulikt og eit breitt omgrep, men ingen vil vere sjuke. Sjukdom kan overførast til andre menneske og dyr som er det vi kallar «smitta».

Når ein sjukdom smittar mange menneske og ukontrollert blir det til det vi kallar ein epidemi. Viss han spreier seg utover store delar av verda blir det til det vi kallar ein pandemi.

Akkurat no lever vi i ein pandemi. Viruset COVID-19 braut ut i Kina i slutten av 2019. I dag er det registrert tilfelle av COVID-19 i alle landa i verda og over ein million personar har døyd som eit følgje av sjukdommen.

Det er ikkje så mange prosent av dei som blir smitta som har døyd, men det er framleis over ein million menneske som har mista livet sitt på grunn av sjukdommen.

Alle i verda har vorte påverka av denne pandemien. Kva har pandemien gjort med oss? Det har jo vore pandemiar før, til og med mykje verre sjukdommar som store delar av befolkninga har døyd av.

Kva skil denne pandemien ifrå tidlegare utbrot av smitta, og kva har det gjort med oss?

Utdrag
COVID-19 er ikkje svartedauden. Vi visste det berre var eit virus, men ikkje akkurat kor farleg eller ufarleg det var. Verda tok etter kvart slutning om å prøva å redusera smitten.

Om det var riktig eller ikkje kan ikkje eg svara på, men vi ofra mykje for å vere solidariske med dei svakaste i samfunnet. Dei eldre, og dei med underliggande sjukdommar.

Det som er trist er at dei som vart ramma verst av nedstigninga av landet er dei svakast økonomisk stilte i samfunnet. Dei var dei første til å mista jobbane, og dei siste til å komma tilbake i arbeid.

Det er framleis større arbeidsløyse i Noreg i dag enn før pandemien. I Noreg er vi heldige som har velferdsstaten som gjer at sjølv dei fattigaste klarar seg nokon lunde, men slik er det ikkje i alle land.

Det vart òg dei svakaste elevane på skulene som vart ramma hardast over at skulene vart stengt ned.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter