Innledning
Somme av dei eldste kulturar og det rikaste jordbruk har vakse fram langs dei store elvene i verda. Elver har forsynt menneske i fleire tusen år. Elver er viktige for både menneska og natur.

Denne oppgåva skal er ei geografisk analyse av Mekong, den tolvte lengste elva i verda. Eg vil ta for meg alt frå sjeldne dyrearter til ny tids bruk og utvikling, med bilete og kart som illustrasjonar.

Utdrag
Dyrelivet Det finnes fleire dyr og artar som lever i området rundt Mekong. Nokre av dei er: • Irrawaddy-delfinar, ein sjeldan delfin art.

Det skal vera omtrent hundre irrawaddydelfinar som svømmer rundt i tre forskjellige elver i søraust Asia:

Irrawaddy-elva som renn frå nord til sør i Myanmar, Mahakam-elva som ligg i Indonesia og i Mekong (WWF)3 .

---

• Saola ”Asias einhjørning”. Saolaen blei oppdaga først i mai 1992 under ei undersøking utført av Vietnams ”Ministry of agriculture and rural development” og World wide fund for nature (WWF) i den nordleg sentrale delen av Vietnam.

I heimen til ein jeger fann teamet ein hovudskalle med uvanlege lange, rette horn i heimen til ein jeger.

Det viste seg at det var det første store pattedyret for vitskapen på meir enn 50 år og eit av dei største zoologiske funn i det 20. århundre. Saolaen finnes kun i Annamitefjella i Vietnam og i Laos (WWF)7 .

- Kartet viser kvar dei ulike dyra eg har skrive om i oppgåva held til.

Som du kan sjå, svømmer kjempemallen omtrent i alle elver i området, mens irrawaddy-delfinen held seg mest til hovudløpet til Mekong. Laga dette kartet ved hjelp av Paint 2 i Appstore

---

Mekong er svært viktig for menneska som bur rundt ho. Over 60 millionar menneske er i stor grad avhengige av elva for å eta, arbeide og overleve. Mekong-elva gir mat og drikke, og har vore med å forma dei ulike kulturane me finn langs elva.

Sjølv om kulturane kan vera nokså forskjellige, er trongen deira til elva like stor. Menneska langs Mekong har ulike levevis.

Mesteparten av befolkninga bur på flate sletter nær elva, mens andre lever i husbåtar. Menneska som bur på land tener pengar på fiskeoppdrett, jordbruk eller husdyrbruk.

Dei lever for det meste av å dyrke ris, frukt og grønsaker, i tillegg til handverk.