«Hurra for selvsensuren!” | Analyse | Dagfinn Nordbø

Innledning
Teksten ”Hurra for selvsensuren” er skriven av Dagfinn Nordbø. Den blei publisert på nettsida til VG 12. februar i år, kort tid etter bombinga av hovudkvarteret til satiriske avisteiknarar i Paris.

Teksten høyrer til den satiriske sjangeren, og er skriven for å vekkje oppsikt, med andre avisskribentar og mektige personar i samfunnet som målgruppe.

Hovudbodskapen Nordbø prøver å få fram, er at sjølvsensurering av samfunnskritiske teikningar er galt, ettersom ytringsfridommen då mistar si meining.

Utdrag
Dagfinn Nordbø er ein satirikar, så vi veit at teksten vil vere kritisk med latterleggjering for å skape debatt blant folket, men også for å ramme dei mektige i samfunnet. For å få fram synspunkta sine brukar Nordbø personlege erfaringar og kunnskap om temaet.

Han skriv at vanlegvis ser han opp til bibliotekarar, men kvifor gjer han det ikkje no lenger? Dette fangar lesaren.

Kva fekk han til å snu meininga si om ”kunnskapens fyrtårn, klokskapens veiledere”?. Dette svarar han på vidare, der han skriv om ei utstilling frå Høgskulen i Oslo og Akershus som hyller satiriske avisteiknarar.

Leiaren for biblioteket til høgskulen uttalar seg om utstillinga, og fastslår at det ikkje fins nokon teikningar av Mohammed, og at dei har vore i kontakt med folk som forsikra dei om at teikningane ikkje støytar nokon.

Med denne informasjonen klarar forfattaren å få fram poenget sitt om at sensureringa av samfunnskritiske avisteikningar er ironisk i forhold til ytringsfridommen i landet vårt. Han visar at han har kunnskap om emnet, og styrkar dermed sin etos gjennom teksten.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter