Heldagsprøve i norsk | Alexander Kielland: En Middag | Analyse

Utdrag
Novella til Alexander Lange Kielland En Middag blei utgitt i 1879, i novellesamlinga Noveletter. Novella blei skrive i den litterære perioden realismen, noko som tydeleg pregar tekstens form og innhald. Kielland er kjent for å legge vekt på mellom anna dobbeltmoral i sin litteratur, noko som er eit tema han også introduserer i En Middag. I teksten presenterer han dobbeltmoralen i samtidas haldningar til forholdet mellom gammal og ung.

I novella møter vi ein ung student, og hans far grosseraren. Det arrangeras ein staseleg middag i heimen deira, der rike og mektige folk, inkludert amtmannen, er representert. Dei feirar at den unge guten nettopp har komme heim frisk og sunn etter ein god eksamen, og stemninga blant gjestene er svært god.

Men, mot slutten av middagen vel den unge mannens far å holde ein tale, ein skål for ungdommen. Tross nokre vanskar i byrjinga, held den eldre mannen ein god tale. Han skryt av sin son, og seier at den unge generasjonen skal gjere det betre i livet enn sine foreldre.

Han avsluttar talen med stolt å konstatere at han trygt vil etterlate sitt arbeid til den dyktigare generasjonen. Seinare på kvelden oppstår likevel ein usemje mellom far og son. Den unge mannen vel å behandle sin far som ein likemann, og taler den eldre imot når han seier noko feil. Faren reagerer på det han ser på som mangel på respekt, og diskusjonen ender med at sonen blir ført ut av rommet.

Gjennom novella blir vi kjent med ein familie tilhørande borgarskapet. Tekstens hovudperson er sonen i familien, ein ung student. Han framstillas som ein intelligent ung mann, med eit betydelig temperament. Kielland beskriver at han blir provosert av farens og middagsgjestenes nedverdigande reaksjonar på at han behandlar sin far som ein likemann.

Dette fortel lesaren at den temperamentsfulle unge mannen ikkje vil tolerere desse haldningane eldre har mot ham og andre unge. «(…) ble han opphisset ved det hånlige i at hans innblanding skulle anses som en forstyrrelse i en alvorlig samtale. (…) det krenkende i å bli behandlet som en guttunge». Samtidig beskrivas han som ein gut som har ein enorm respekt for sin far, grosseraren.

Dette kjem tydelig fram etter faren har halde talen sin. «(...) men mest av alle gledet studenten seg. Han hadde hatt likesom en liten frykt for faren hvis strengt patriarkalske grunnsetninger han kjente.» .

Dette fortel lesaren om den enorme respekten samtidas unge hadde for eldre menneske. I påfølgande setning kjem det fram at talen til faren har forandra hans syn på sin far, og at han nå i stor grad tenker på faren som sin likemann. «Nu hørte han jo at den gamle var ytterst liberal mot ungdommen, og han gledet seg til å få tale med ham om alvorligere ting.».

Faren og sonen er motsetningar. Vi blir kjent med grosseraren gjennom skildringar av hans væremåte og gjennom dei andre karakteranes oppfatning av ham. Han skildras som ein gammaldags, rik og mektig mann, utan nokre store talentar ei heller intelligens.

Dette kjem tydeleg fram når han skal helde ungdommens tale, og gjestene er tydeleg sjokkerte over at han klarar å holde ein god tale. Vidare legger han i diskusjonar fram fleire påstandar som er regelrett gale. Likevel nektar han; sjølv etter så flott å ha skrytt av ungdommen i sin tale, å la sonen korrigere utsegnene. Dette viser ikkje bare ein mangel på intelligens, men også ein tydeleg dobbeltmoral.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter