Han der originalen & Den standhaftige tinnsoldat | Tolke og samanlikne

Utdrag
I denne oppgåva skal eg tolke og samanlikne tekstane «Han der originalen» av Jon Fosse og «Den standhaftige tinnsoldat» av H.C. Andersen. «Han der originalen» kom ut i 1994. Fosse er ein av vår tids mest kjente forfattarar og har ei særegen skrivestil. (Eide m. fl., 2015) «Den standhaftige tinnsoldat» av H.C. Andersen vart gitt ut i 1838. Andersen er ein av Danmarks mest kjente forfattarar og er kjent for ei rekke eventyr. (Eide m. fl., 2014)

«Han der originalen» handlar om ein gut som har gått på dans i nokon år. Til vanleg pleier han å danse aleine, men no spør han ei jente om ho vil danse med han. Han har eit godt auge til jenta, og han meiner dei passar saman fordi ho verkar beskjeden. Ho svarte nei til dansen og kviskra til venninna si om guten. Tema i teksten er kjærleik og å vere annleis.

«Den standhaftige tinnsoldat» handlar om ein tinnsoldat som kjem til ein heim som ein gåve til guten som har bursdag. Han manglar eit bein, fordi det ikkje var nok tinn igjen når han skulle støypast. I det nye huset oppdagar han ei lita dukke som han får eit godt auge til.

Tinnsoldaten fall ut av vindauget, og etter ein lang reise er han tilbake i huset. Ein av gutane legg soldaten i peisen kor han smeltar saman med dukka som vart blåst inn i peisen av vinden. Også i denne teksten er tema kjærleik og å vere annleis.

Komposisjonen fortel om tekstens form. «Han der originalen» startar in medias res. «Etter å ha gått på dans i forskjellige ungdomshus i nokre år» Ein får ein presentasjon av handlinga slik det har vore tidlegare før ein går over til notida, men utan å få ein presentasjon av person, tid eller stad. Ein vart satt rett inn i handlinga, utan moglegheit til å vart kjent med karakterane.

Tidsspennet går over ein kveld og handlinga er kronologisk. Handlinga er kort og høgdepunktet er når guten spør om jenta vil danse. Sjølv trur han at ho liker han tilbake, derfor kjem vendepunktet når jenta svarer nei til dans. Dette gjer at lesaren vart overraska av utfallet.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter