«Gobelin Europa» | Analyse | Stein Mehren

Innledning
Det er ikkje lett å gjere ei sjølvstendig tolking av eit snart femti år gamalt dikt. Diktet har vore tolka opp og i mente i årtier. Stein Mehren talar likevel til meg, og eg vil freiste å kome i dialog med diktet ut frå den eg er.

Og, ja, eg har lese om diktaren, og eg har lese lyrikkhandboka, og eg skal sjølvsagt drøfte ulike synsvinklar meir analytisk. Men, eg vil altså ikkje starte der.

Om ein ser diktet som ei skapande handling, og diktaren si oppgåve å vere han som utførar ei handling i ord, er det mogleg å seie at diktet til Mehren er ei ordhending.

Ei ordhending med eit føremål. Ei einaste hending, ei rørsle med ei byrjing og ein ende. Diktet si presensform er med på å peike ut denne hendinga som ei samanhengande rørsle. Ei rørsle med ei klår retning.

Diktet byr deg ikkje berre inn i diktaren si verd, det gjer han som les diktet til ein handlande, og ikkje ein «medsjåar». Ein som er til stades i hendingane. Då eg las diktet var det mi fyrste oppleving av heilskapen. Det er eit samband mellom eg og hendinga i diktet. Eg er i diktet.

Utdrag
Diktaren si skaparkraft skil seg frå livskreftene. Fortida blir levande gjennom ord, og som levande gjennom ord, koplar poeten seg med fortida. Det er her poesien møter sine fleirtydige og sjølvmotseiande røter.

Veven som ligg der frå før er liding og sakn, smerta til dei som har lidd urett, born som døyr utan meining. Kakofonien frå alle røystene som ropar og stønar. Livskreftene.

Det er som om røynsla er at diktaren er utan samband med fortida, at han må kople seg på. Utan dialogen med fortida veks det inga røynsle, poeten kan ikkje veva, kan ikkje sjølv vera i tråden.

Vera tråden. Diktinga er ikkje berre vengjer. Er ikkje berre dynamikk. Er ikkje fråkopla. Det er røynsla som veks inn i diktet, ut or ord, men denne røynsla er ikkje sjølv ord.

Ho er liv. Ord er ikkje liv, men ord gjer levd liv levande og koplar poeten inn i eit løynt samband med historia. Det er ei røynsle som veks gjennom stadfestinga av det som er, og i røynsla av kollektivet som rammar inn det einskilde menneske på sin veg mot fornying.

Mot utfriing frå det bundne, og utanfor orda si kraft.

Bytt til nytt Last opp en av dine oppgaver, og få tilgang til denne oppgaven
  • Oppgaven blir kvalitetssjekket
  • Vent i opptil 1 time
  • 1 nedlastning
  • Minst 5 i karakter
Premium Fast lav pris pr. måned Få tilgang nå