Ein dyster Anti-utopia | Norsk

Innledning
Romanen «Loushons plater» er skriven av forfattaren Andreas Bull-Hansen. Denne romanen handlar om ein dyster framtidsvisjon frå ettertida til eit atomkrigsherjet Europa, kor rase- og religionskrigar nesten har utrydda menneskerasen.

Den menneskerasen som var kjent for sin overlegne intelligens, god fornuft, etikk, og moral har forverra seg til ein primitiv og barbarisk kultur. I denne teksten skal eg gjere for korleis ulike verkemiddel er brukt i romanutdraget, og reflektere deretter kvifor dystopien er ein populær sjanger i litteratur, film, dataspel og TV-seriar.

Utdrag
Hovudpersonen Evv Lushon er eit produkt av vitskap. Han er ein etterkommer av genmodifiserte soldatar.

Han er eit menneske med eit dyrs sansar og styrke. Han er ein nattjeger, som blir utnytte av Bigge Mahmed klanen. Hans oppdrag er å få skaffe klanen menneskekjøtt som blir spist med like stor appetitt som ferdigpizzaer.

Evvs fosterfar Olda har tidlegare lært ham om bokstaver og historia før krigen braut ut. Han har blitt sendt til å finne meir mat for klanen.

Det er ein dyster og kald realitet for Evv som opplever blod og død til dagleg. Han har ein mørk sjølvrealisering i at døden vil komme ein gong til ham, men likevel så frykter han den ikkje. Så han etterlèt seg nokon ord sånn at hans sjel kan leve evig i dem.

I denne teksten så kan vi sjå fleire verkemidlar som skildrar ein dystopisk framtid. Ordvalet i romanen er dystert og mørkt, for ein kan sjå disse ordvalet allereie i innleiinga. Det er «grå fnugg» som kan vere ein klimakonsekvens av atombombene som blei brukt i krigen.

Deretter går føre seg ein samanlikning i romanen. For eksempel Evv samanliknar den verda han lever i nå til den historia Olda fortalte ham. Han nemner at det var millionar av sjeler som pustet og levde med dyr skapt av stål, som nå er brent svart av ildstormane. Ein kan også tilkopla kontrastar i samanlikningane.

Vi kan også sjå symbola i romanen. Sola blir sett på som eit eldauget som brenn sjelene til døde. Dette symbolet kan vere ein skildring på at verda har blitt ein helvete, sidan sola som representerer liv og varme er kalla satan. Desse eksemplane gir oss eit godt kjenneteikn på ein dystopisk framtid.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter