‘’Du skal ikke bedrive hor’’ | Argumenterende tekst om diktet

Innledning
Om ein kjenn til bibelen og dei ti bod, kjenn ein nok automatisk til tittelen i dette diktet. ‘’Du skal ikkje bryte ekteskapet’’ er vel det som står i den moderne versjonen, men på Petter Dass si tid var det ‘’du skal ikke bedrive Hoor,’’ som han har kalla diktet sitt.

Dette diktet er fylt med tankar man nå hadde tenkt var latterlege, og som mange hadde blitt opprøra over. Men kvifor hadde det blitt sett ned på? Kva har eigentleg endra seg mellom barokken og dagen i dag?

Utdrag
Tanken om at ugifte folk ikkje skal ha samleie er i dag litt latterleg, ettersom man har ting som sambuarskap. Dette var ulovleg på tida diktet blei skrevet, derimot, og sambuar blei ifølge NDLA forfølgde og straffa på denne tida. Sambuarskap var faktisk ulovleg i Noreg til 1970-talet, sjølv om dei fleste blei latt i fred.

Ein merkar at dette diktet er frå ei anna tid, ikkje berre på skriftmåten, men på det at Dass ikkje nemner homofili. I ei tid kor homofilt ekteskap i kyrkja er lovleg blir ein litt forundra over at han ikkje nemner homofile, sjølv ikkje for å dømme dei. Før protestantismen blei homofile blant lågare sosiale klassar ignorert, ifølge NDLA.

Etter protestantismen tok over, derimot, blei homofile forfølgde og straffa. Dermed er det overraskande at Dass ikkje beskriv homofili som horeri, men fokuserer på ting som bestialitet, da homofili skal ifølge bibelen bli verre straffa enn bestialitet.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter